Dorthea og Lauritz Smørvik

Smørvik - navnet
Fra Smørvika på Dønna
På dette oversiktsbildet er husa i Smørvika de som ligger nærmest.
Her bodde Dorthea og Lauritz. Bildet er fra 1950-tallet.

Smørvika i juli 2002


Namnet Smørvik kjem frå øya Dønna på Helgelands-kysten. Gardsbruket var opphavleg husmannsplass under Dønnes-godset. Kva tid plassen kan ha blitt tatt opp, er vanskeleg å seie. I eit skjøte frå 1675 er det nemnt husmenn, og i ein matrikuleringsprotokoll frå 1723 er Dønnes oppført med 12 husmannsplassar, som skulle ha lege under garden "fra Arilds tid". Smørvika må ha hørt til desse tidlege husmannsplassane ettersom staden låg så nær opp til Dønnes. - Dønnes-godset gjekk konkurs i 1911. Etter nokre år kjøpte husmennene hovudgarden, som dei så selde, men beheldt plassane sine som sjølvstendige bruk.
 
Ein kan ikkje sikkert seie kva namnet Smørvik står for. Men det kan godt tenkast at den forklaringa Norsk stadnamnleksikon gir, er det som passar for Smørvika: "Smør- er førsteledd i mange gards- og naturnamn. Det har da gjerne eit rosande innhald ..., ofte med tydinga 'godt beite, dvs. ein stad som gir mykje smør' ".
 
Alle som no brukar Smørvik-namnet, ættar frå Dorthea (1864-1944) og Lauritz Olsen Smørvik (1863-1945). Dei budde i Smørvika. Her var det stue, fjøs, bur, smie, eldhus - og ved sjøen naust. Dei tre siste husa er no borte. Bruket vart like etter krigen overtatt av sonen Lars. 
Det er 53 personar som har Smørvik som etternamn pr. 1.1.2001, registrert hos Statistisk sentralbyrå.

 
Litteratur som har med om Dønnes og husmannsplassane:
- Axel Coldevin: Dønna bygdehistorie
- Knut Moe: Den grønne hagen (dokumentarroman)
- I manns minne, bd. II (Kristian Nordøys artikkel)
- På molteplukking i Åsvær, intervju med Inga Nilsen i Gammelt frå Dønna (hefte 1)
 

Smørvik - navnet

Etterkommere


Tilrettelagt av Ikon systemer